Kreftkoordinators oppgaver

Betre livskvalitet og levekår til kreftpasientar og pårørande der dei bur er målsettinga til Kreftforeningen og kommunane, når dei saman satsar på kreftkoordinator. Stillinga er i fyrste omgang finansiert ut 2015, der Kreftforeningen dekker 75 % av lønnsmidlane. Kreft rammer mange og kan gje komplekse utfordringar. 110 nye tilfelle i Valdres og rundt 1000 pasientar har eller har hatt kreft i Valdres (2012)
Regional kreftkoordinator jobbar både fagutviklande, systemretta og pasientnært. Mellom anna vert det arbeidd med utvikling av ulike samarbeidsrelasjonar for kreftomsorg og palliasjon i Valdres, med Valdres lokalmedisinske senter (VLMS) som mogleg sentrum for samhandlinga.
Regional kreftkoordinator skal være naturleg kontaktpunkt og pådrivar for gode rutinar og system for kreftomsorg i Valdres, i alle delar av pasientforløpet. Førebyggjande arbeid gjennom folkehelsefokus og samarbeid med frisklivsentralar er og aktuelt. Eit viktig mål er å dekke område som i dag ikkje fungerer godt nok; til dømes tidleg etter diagnose, i kreftramma familiar med barn, i rehabiliteringsfasa, og gje naudsynt støtte til pårørande. Eit nytt element er elles at kreftkoordinator skal være synleg og tilgjengeleg lavterskeltilbod for pasientar og pårørande i heile pasientforløpet, og arbeide nært med pasientforeningar, likemenn og frivillige.
Regional kreftkoordinator er ein erfaren kreftsjukepleiar og er ein ressurs som skal brukast både strategisk og fleksibelt av helseleiinga, av pasientar/pårørande, anna helsepersonell og i utvikling av tenester i kommunane. Det skal være tett samarbeid med helse-, pleie- og omsorgstenestene i alle valdreskommunane, samt VLMS. Alle kommunane i regionen har éin til to kontaktsjukepleiarar. Kreftkoordinator skal arbeide tverrfagleg og tverrsektorielt og elles ha som viktig oppgåve å leie kontaktsjukepleiarnettverket for kreft og alvorleg sjuke i Valdres.
Kreftkoordinatoren:
- Skal være synleg og lett tilgjengeleg for pasientar, pårørande og spesialisthelsetenesta – i alle fasar av sjukdommen
- Er til hjelp for å koordinere og legge til rette kvardagen saman med kreftsjuke og pårørande, i samarbeid med kontaktsjukepleier i kommunen
- Er ansvarlig for å samordne tilbod og tenester rundt kreftpasientane i kommunane, også ikkje-kommunale tilbod – i samarbeid med anna helseteneste
- Skal sørgje for tverrfaglig koordinering (fastlege, sjukehus , NAV, helsestasjon, skule og andre aktuelle tenester)
- Skal bidra til gode rutinar og system for kreftomsorg i kommunane
- Skal gi informasjon, råd og rettleiing knytt til diagnose, behandling, rehabilitering, lindring og omsorg ved livets slutt
- Skal ha oversikt over kva som finnes av tilbod og muligheiter der du bor
Stillinga er organisatorisk tilknytt regionalt nivå med VLMS som sentrum for samhandlinga. Regional kreftkoordinator skal primært rette sin aktivitet ut mot kommunane. Vestre Slidre er vertskommune med helse og velferdssjefen som næraste leiar.
Klikk her for å lese brosjyren som er laget.
Hege Birketvedt Eklund
Regional kreftkoordinator
Mobiltelefon: 926 65 149
E-post: hege.eklund@vestre-slidre.kommune.no
Besøksadresse:
Hege har kontor i Vestre Slidre og på VLMS. Ta kontakt for å gjøre avtale